6. april 2020

Dette er 07000 Hardanger Taxi

07000 Hardanger Taxi tilbyr persontransport med ulike størrelser på taxier, minibussar og rullestolbilar. Me har lang erfaring med dei fleste typer oppdrag.
Me ynskjer gamle og nye kundar velkommen til oss.

Me er medlem av 07000 Taxi, eit av Norges største taxinettverk, dette medfører stor tilgang på, og utveksling av kompetanse for moderne drift. 07000 Hardanger Taxi er avdeling og varemerke til Norheimsund Øystese Taxi AS som har sitt opphav sentralt i Kvam Herad. Turisme, hesteskyss og seinere drosjeskyss har ein lang historie her i distriktet, me har også den første holdeplass i landet bygd av vegvesenet, ferdig i 1906. Der har me kontor og nyttar ein del av holdeplassen også i dag.

Når me no er ein del av 07000-samarbeidet har du også tilgang til nye og betre løysingar. Du kan no blant anna bestilla taxi i Norheimsund og Øystese med 07000-appen og på internett. Du kan også nå oss ved å ringe 07000 (eller 55 99 70 00): heile døgnet – heile året!