Det å senda inn skjemaet er sjølvsagt heilt uforpliktande!
Du vil bli kontakta av 07000 Sunnhordland for meir info og oppfølging. Du kan også kontakta oss på post@sunnhordlandtaxi.no eller ta kontakt med våre folk i ditt område. Klikk her for å sjå kvar du finn oss
Vi høyrest!

Kvifor bli 07000-sjåfør?
Nedanfor kan du lesa meir om nokon av fordelane ved å bli 07000-sjåfør. Me høyrer sjølvsagt gjerne frå deg om du vil vita meir!
Gode jobbmoglegheiter
Som 07000-sjåfør kan du jobba både heil- og deltid. Me har for tida stort behov for sjåførar i Sunnhordland – bl.a. på Stord, Bømlo og i Kvinnherad.
Sjølvstendig og fleksibel kvardag
I 07000 er dei fleste reiser bestilte. Mellom anna gir Noregs største taxiapp mange kundar. Du får dei aller fleste oppdraga frå sentralen og slepp å jakta eigne kundar i trafikken.
Eit godt fellesskap
Du får mange gode kollegaer i 07000-familien. Rundt 1500 menneske er ein del av 07000 i Noreg, anten ute på vegen eller i administrasjon.
Sjølvstendig og fleksibel kvardag
Som sjåfør i 07000 skaper du din eigen arbeidskvardag. Du avgjer kvar du vil jobba og posisjonerer deg etter trafikk og etterspurnad. Du har sjeldan to like dagar, og du får møta masse flotte menneske 🙂
Moglegheit for god inntekt
Som 07000-sjåfør kan du tena gode pengar – særleg om du kan jobba når mange treng deg! Nokon har dette som ekstrainntekt saman med studiar eller skiftarbeid – mange lever av det på heiltid.
Di eiga transportbedrift?
Har du – eller vurderer du – eige taxiløyve? Me treng fleire gode løyvehavarar som vil driva ei god transportbedrift hos oss!
Kven er 07000-sjåførane?
07000-sjåførane er både menn og kvinner, i ulike aldrar og livssituasjonar. Likevel har gode 07000-sjåførar gjerne nokon ting til felles. Me er på jakt etter deg som:
- Er blid, serviceminded og glad i å omgåast menneske
- Er god på å kommunisera, særleg munnleg
- Liker å køyra bil – og tanken på å vera «privatsjåfør»
- Ser løysingar – ikkje problem
- Er proaktiv og bevegar deg «dit det skjer»
- Bryr deg om folk rundt deg
- Er til å stola på
- Ønsker deg ein fleksibel jobb på heil- eller deltid
