
07000 Samnanger Taxi tilbyr sikker og komfortabel persontransport i, til og frå Samnanger kommune i Vestland fylke. Me har ny bilpark og har lang erfaring med dei fleste typar oppdrag. Me ønskjer gamle og nye kundar velkommen til oss, anten du bur i området eller berre er på besøk!
Selskapet er ein del av 07000 Taxi – eitt av Noregs største taxinettverk. Det inneber mellom anna at våre bilar er kvite med 07000-logo og sjåførane våre er uniformert i svart og raudt. Me legg vekt på god kommunikasjon og sørvis.
Sidan me er ein del av 07000-samarbeidet får du som kunde òg tilgang til nye og betre løysingar. Du kan no mellom anna bestille taxi i Samnanger med 07000-appen og her på internett. Ved å ringja 07000 (eller 55 99 70 00) fram til kl 22.00, når du oss alle dagar, heile året.
Me utfører nattkøyring, men slike turar må bestillast i app, nettside eller telefon før kl 22.00 kvelden før. Vakttelefonen er stengt for publikum mellom kl 22.00 og 06:00 mandag til fredag, og kl 22.00 – 07:00 om laurdagar og søndagar. Treng du drosje til legevakt når vakttelefonen er stengt – ring 116117 – då blir vi kalla ut av legevakt.
Dersom du ikkje alt har 07000-appen kan du lasta han ned her
Dersom du vil bestilla taxi på nett er det berre å klikka her