Om oss

Velkommen til 07000 Samnanger Taxi!

07000 Samnanger Taxi tilbyr sikker og komfortabel persontransport i, til og frå Samnanger kommune i Vestland fylke. Me har ny bilpark og har lang erfaring med dei fleste typar oppdrag. Me ønskjer gamle og nye kundar velkommen til oss, anten du bur i området eller berre er på besøk!

Selskapet er ein del av 07000 Taxi – eitt av Noregs største taxinettverk. Det inneber mellom anna at våre bilar er kvite med 07000-logo og sjåførane våre er uniformert i svart og raudt. Me legg vekt på god kommunikasjon og sørvis.

Sidan me er ein del av 07000-samarbeidet får du som kunde tilgang til nye og betre løysingar. Du kan no mellom anna bestille taxi i Samnanger med 07000-appen og her på internett. Ved å ringja 07000 (eller 55 99 70 00) fram til kl 22.00, når du oss alle dagar, heile året.

Me utfører nattkøyring, men slike turar må bestillast i app, nettside eller på telefon før kl 22.00 kvelden før. Vakttelefonen er stengt for publikum mellom kl 22.00 og 06:00 mandag til fredag, og kl 22.00 – 07:00 om laurdagar og søndagar. Treng du drosje til legevakt når vakttelefonen er stengt – ring 116117 – då blir vi kalla ut av legevakt.

Dersom du ikkje alt har 07000-appen kan du lasta han ned her 

Dersom du vil bestilla taxi på nett er det berre å klikka her 

Du finn meir informasjon om 07000 Samnanger Taxi og løysingane våre i menyen øvst på sida.

Du kan etter kvart og lesa meir og følga 07000 Samnanger Taxi på Facebook.