Me har som målsetjing å veksa i regionen og søkjer samarbeidspartnarar som ønskjer å tre inn som løyvehavar i selskapet. Me leitar etter positive og kunderetta kollegaer som vil vera med å vidareutvikla 07000 Sunnhordland Taxi.
Som løyvehavar hos oss driv du di eiga transportverksemd med tilslutning til selskapet, og i tråd med 07000-konseptet. Tilslutning til organisasjonen vår inneber at du kan tre inn som aksjonær og vera med å påverka utviklinga til selskapet.
Me har i første omgang behov for å auka kapasiteten på Stord og i Kvinnherad, men mottek gjerne òg førespurnader frå kandidatar som ønskjer å driva på andre stader i Sunnhordlands-regionen.
07000 Sunnhordland Taxi har som mål å levera «gode kundeopplevingar til ein fornuftig pris». For å oppnå dette må våre løyvehavarar og sjåførane deira ha følgjande ferdigheiter:
- Vera serviceorientert og kundevennleg
- Vera ein god og trygg sjåfør
- Kunne kommunisera med tilfredsstillande norskkunnskapar
- Kjenne køyreområdet sitt – og tileigna seg tilstrekkeleg kjentmannskompetanse
Kvalifikasjonskrav
Ein løyvehavar hos oss må ha:
- Gyldig førarkort og køyresetel for aktuell transport
- Transportløyve for aktuell transport (taxi/turvogn)
- Godkjent køyretøy registrert i motorvognregisteret
- Tilfredsstillande økonomisk evne
Aktuelle kandidatar får nødvendig lokal opplæring og deretter utskrive sjåførkort. - Tilfredsstillande fagleg kompetanse knytt til drift og arbeidsgivaransvar
Personlige egenskaper
For å lykkast i organisasjonen vår blir det forventa at du er:
- Påliteleg og til å stola på
- Kundeorientert og at du bryr deg
- Samarbeidsorientert og kollegial
Vi ønskjer mangfald i organisasjonen, både i alder og bakgrunn. Det er behov for kvinnelege og yngre drosjeeigarar. Både interne og eksterne kandidatar blir vurderte.
Skriftlig søknad, CV og vedlagt skjema sendes på mail til rekruttering@07000.no.
Søknadsfrist: måndag 2. februar 2024.
Spørsmål kan rettast til styreleiar Jan Valeur (mobil 911 32 840) eller styremedlem Hans Anti (mobil 908 70 670).
Om 07000 Sunnhordland Taxi
Sunnhordland Taxi AS er eit felles selskap for 07000 Stord Taxi, 07000 Bømlo og 07000 Kvinnherad. Selskapet har som målsetjing å styrkja satsinga i Sunnhordland og levera fleire og endå betra transporttenester til kundar i regionen.
07000-bilane kjenner du frå Stord, Bømlo og Kvinnherad, og menneska du møter der er dei som kjenner marknaden og kundane i områda. Sunnhordland Taxi AS er franchisetakar i 07000-kjeda, sjå https://www.07000.no/sunnhordland/.
Siste kommentarer